Högre seminarium: Bror-Magnus Sviland Strand

  • Date: –16:00
  • Location: Engelska parken 16-2041
  • Lecturer: Bror-Magnus Sviland Strand
  • Contact person: Yvonne Hallesson
  • Seminarium

Presentasjon av eit prosjekt om norske borns rolleleikvarietet og ein preliminær rapport frå ein studie av ordstillinga i innhaldsspørsmål

Det har lenge vore kjent at når norske ungar leikar rolleleik har dei ein tendens til å ha rolleytringar i noko som høyrest ut som «standard austnorsk». Ein veit derimot lite om korleis denne «rolleleikvarieteten» ser ut og korleis han blir tileigna. Dette er sentrale spørsmål i mitt doktorgradsprosjekt.

Eit tilbakevendande tema for nordisk dialektsyntaks er brott på V2 i kv-spørsmål («innhaldsspørsmål») i norske dialektar: «kor du bor?» jamsides «kor bor du?». Dette dialekttrekket har blitt rapportert frå ei rad norske dialektar, men ikkje standard austnorsk.

I dette føredraget vil eg gje ein rask gjennomgang av dei sentrale forskingsspørsmåla og metodologien i doktorgradsprosjektet, før eg rapporterer heilt ferske data frå ein eksperimentell studie av ordstillinga i nord-norske borns kv-spørsmål i i) deira eiga dialekt og ii) deira rolleleikvarietet, og jamfører dette med tidlegare beskrivingar. Det er relevant å spørja seg i) om ein kan sjå tendensar til ei pågåande endring i dette dialekttrekket, og ii) om ungar har fanga opp at dette dialekttrekket ikkje finst i «standard austnorsk» eller om det også finst i deira rolleleikvarietet.

Spørsmål og innspel til alle delar av prosjektet er sjølvsagt hjarteleg velkomne. Seminaret vil bli halde på norsk/svorsk.

 

Bror-Magnus S. Strand er doktorgradsstipendiat i Lingvistikk ved UiT – Noregs arktiske universitet, og er for tida gjestedoktorand ved Institutionen för nordiska språk ved Uppsala Universitet.